Verkstad
ons14okt(okt 14)00:00sun25(okt 25)00:00VerkstadAktivitet 14.-25 . oktober
Om arr.
Utforsking av ulike kreative uttrykk, i utstillingssalen i Kabuso, 14.– 25.oktober. Bli med å bygga eigne modellar av mellom anna Ingebrigt Vik museum med lim, maling m.m. Sjå prosjekt av
Om arr.
Utforsking av ulike kreative uttrykk, i utstillingssalen i Kabuso, 14.– 25.oktober.
Bli med å bygga eigne modellar av mellom anna Ingebrigt Vik museum med lim, maling m.m.
Sjå prosjekt av 80 ungdomar frå Kvam under leiing av kunstnar Katrine Meisfjord.
Meisfjord har sidan 2019 arbeidd saman med ungdomar i Kvam for å utveksla idear og utforma modellar for ein møteplass slik dei vil ha han.
Meir enn 80 ungdomar har delteke i prosjektet. Modellane til ungdomane vert viste på Kunsthuset Kabuso i oktober, saman med bilete frå prosessen.
Program for perioden:
- Ope ons-fre kl 11-15, laur+sun kl 11-16
- Laurdag 17.10 og sundag 18.10 kl.11 – 16:
Internasjonal verkstad med kunstnarane Kwestan Jamal Bawan og Katrine Meisfjord. Me inviterer til felles arbeid med modellane, på språka arabisk, kurdisk, engelsk, spansk og norsk.
Meld di interesse til Kabuso: post@kabuso.no – eller til meisfjord.katrine@gmail.com - Tysdag 20.10 kl. 16 – 20:
Prosjektet vert presentert for publikum og inviterte gjestar. Ungdomar frå Kvam, kunstnarar, arkitektar og ungdomsarbeidarar formidlar.Gratis inngang
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis