– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Lars Kinsarvik

Treskjerar i dragestil

Lars Trondsson Kinsarvik (1846 – 1925) var treskjerar, skribent og spelemann. Han vert ofte kalla for skaparen av den norske stilen. På Hardanger folkemuseum har me utstilt fleire av trearbeida hans; mellom anna stolar, kråskap og ølbollar.

Kinsarvik fekk stor innverknad på korleis norsk treskjerarkunst utvikla seg ved forrrige århundreskifte. Han var særleg inspirert av drakestilen og norrøn mytologi. Kinsarvik hadde mange utsmykkingsoppdrag, både i kyrkjer, turisthotell og kaffistover.
Han var representert på fleire utstillingar både i Noreg og utlandet, mellom anna på verdsutstillinga i Paris i 1899. Frå same året vart han også statsstipendiat.

Interessant er det også at store skulptørar som Ingebrigt Vik og Lars Utne starta karriera si som læregutar hjå Lars Kinsarvik.

X