– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ledige stillingar

Arenaansvarleg for Agatunet

Hardanger folkemuseum og Agatunet søker arenaansvarleg for Agatunet

Har du lyst på ein variert og gjevande arbeidskvardag midt i eit levande nasjonalt kulturminne? Me er på jakt etter ein arenaansvarleg i fast 50 % stilling i Agatunet.

Agatunet er eit nasjonalt kulturminne med 30 freda bygningar midt i hjarta av Hardanger. Tunet er ein viktig kulturarena med lokal forankring. Me har faste opningstidar frå mai til september og er elles ope etter avtale. Me tilbyr omvisingar, faste og skiftande, aktuelle kunst- og kulturhistoriske utstillingar, konsertar, føredrag og kurs.
Me har eige leikerom for born og ein sjarmerande kafe med eit utval både søtmat og saltmat, samt ein liten museumsbutikk. Me samarbeider med både frivillege og andre aktørar, er med i tilbod knytt til siderbåten, og tilbyr sidersmaking. Me held arrangement som møter og selskap, til dømes konfirmasjon og vigsler/bryllaup.

Stadig fleire besøkande har lagt turen innom det autentiske klyngetunet dei siste åra, og i 2021 var ca. 7500 gjester på vitjing. Agatunet ligg sentralt plassert i ein region i medvind med tyngre satsingar innan både reiseliv, siderproduksjon og teknologi. Det skjer i Hardanger!

Tunet er mellom dei få godt bevarte vestnorske klyngetuna, og inneheld det eldste kjende rettslokalet i Noreg – Lagmannsstova. Stova tilhøyrde i si tid den norske ridderen, lagmannen og riksråden Sigurd Brynjulvsson Aga (1235 – 1303). Agatunet er ein unik stad, og sentrale tema for formidlinga her er mellomalder, rettshistorie, fruktdyrking og handel, klyngetun og jordskifte, byggeskikk og bygningsvern.

ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER

  • Operativt driftsansvar i Agatunet, herunder arrangement, utleige og selskap
  • Ansvar for vaktliste og oppfølging av sesongtilsette og ringevikarar
  • Drift av kafe og museumsbutikk med kassaansvar

ØNSKA KVALIFIKASJONAR

  • Erfaring frå operativt arbeid, gjerne frå service eller reiselivsbransje
  • Gode kommunikasjonsevner i både norsk og engelsk
  • Interesse for kultur og historie

PERSONLEGE EIGENSKAPAR

  • Strukturert og fleksibel
  • Sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Sosial og omgjengelig relasjonsbyggjar 

Stillingsprosenten er 50%, men vil fordelast med ein høgare prosent i sommarhalvåret og ein lågare prosent i vinterhalvåret. Nøyaktig fastsetjing av vekting blir til i møte med aktuell kandidat.

ME KAN TILBY:

  • Utfordrande og varierande arbeidsoppgåver ved eit aktivt museum som vektlegg formidling og tverrfagleg arbeid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar
  • Løn etter avtale

Agatunet er eigd av Stiftelsen Agatunet. Hardanger folkemuseum står for den daglege drifta av arenaen. Som arenaansvarleg i Agatunet samarbeider du med mellom andre formidlingsleiar ved Agatunet/Hardanger folkemuseum, bygningsvernkonsulent og handverkar. Arenaansvarleg har styrar ved Hardanger folkemuseum/Agatunet som overordna.

Hardanger folkemuseum er regionsmuseum i Hardanger. Museet er del av det konsoliderte museet Hardanger og Voss museum.

Hardanger og Voss museum som organisasjon skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i det norske samfunnet. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing av tilsette i høve alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

Søknad kan sendast til: personal@hvm.museum.no, innan 14.12 2022

Spørsmål i høve stillinga kan rettast til avd. leiar Guro Kvalnes, tlf. 991 22 834.

Sjå og nettstaden hardangerogvossmuseum.no
________________________

Avdelingsleiar ved Hardanger folkemuseum

 Hardanger og Voss museum er den største kulturinstitusjonen i regionen. Museet har sett som mål at ein gjennom fagleg arbeid og stort engasjement skal vera ein sentral samfunnsaktør i regionen. Verksemda har vel 60 årsverk og omkring 60 millionar i omsetnad. Me søkjer no etter avdelingsleiar ved Hardanger folkemuseum. Stillinga rapporterer til direktør ved Hardanger og Voss museum og inngår i leiargruppa.
Museet har ei allsidig drift. Me forvaltar kulturhistoriske bygg og samlingar, og driv formidling til eit breitt publikum i form av utstillingar, omvisingar, undervisningsopplegg og kurs i tradisjonelle handverk. Me har utleige av lokale, kafé og servering. Her er ei konsertscene for folkemusikk. Museet har om lag 11 faste tilsette, og fleire sesongtilsette.

Hovudoppgåva til avdelingsleiar er å fylgja opp, koordinera og vidareutvikla alle desse varierte driftsområda, saman med dei tilsette, frivillige/venelag og eksterne samarbeidspartar.

Me leitar etter ein lagbyggar som ønskjer å vere ein tydeleg, inspirerande og synleg leiar. Du evner å skape entusiasme for endring og utvikling. Saman med dyktige kollegaer vil du arbeide for å fremje Hardanger folkemuseum og Agatunet og vera ein viktig bidragsytar i utviklinga av vår verksemd. Du vert motivert av ei spanande og interessant leiarrolle innan kulturfeltet.

ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER:
● Fagleg og administrativt ansvar for Hardanger folkemuseum, Agatunet, Bu museum og Skredhaugen.
● Budsjett- resultat- og personalansvar
● Planleggja, fylgja opp og gjennomføra museet sine oppgåver og prosjekt
● Søknadsarbeid og rapportering
● Samarbeid og vidareutvikling

ØNSKA KVALIFIKASJONAR:
● Relevant høgskule- eller universitetsutdanning
● Leiarerfaring og relevant administrativ erfaring er ei føremon
● Interesse og engasjement for kultur og historie
● Relevant erfaring frå museumsfagleg/kulturfagleg arbeid er ei føremon
● Erfaring med formidling
● Gode språkkunnskapar på nynorsk og engelsk, skriftleg og munnleg

Talent, nysgjerrigheit og evne til å lære er viktigast. Dersom du har spisskompetanse på noko av det vi er på jakt etter, og har ambisjonar og eit ønskje om å utvikle deg vidare, oppmodar me deg til å vise interesse for stillinga.

PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
● Oppteken av resultat og kvalitet
● Lagspelar
● Pågangsmot
● Relasjonsbyggjar med god kommunikasjonsevne
● Nysgjerrigheit og løysningsorientert

Me tilbyr spanande og varierte utfordringar. Du vert del av eit kunnskapsrikt og inspirerande arbeidsfellesskap. Regionen har eit mangfaldig kulturtilbod, og moglegheitene for friluftsliv på fjell og fjord er aldri langt unna. Museet tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.

Det må påreknast noko reiseverksemd, samt noko helge- og kveldsarbeid.

Arbeidsstad vil vera ved Hardanger folkemuseeum på Utne.

For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved, rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200 eller rådgjevar Marita Eltvik Hansen, tlf. 909 31 870.

Vis interesse for stillinga ved å registrera CV-en og søknaden din snarast. Attestar og vitnemål skal leggjast ved søknaden. All kontakt blir handsama konfidensielt – også overfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskjeleg.

Søknadsfrist: 30. november 2022 – søknader vert vurdert fortløpande.

Tiltreding: Etter nærare avtale.

________________________

X