– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Om oss

Det eldste folkemuseet i Hordaland

Hardanger folkemuseum er det eldste folkemuseet i Hordaland, og vart skipa alt i 1911.

Museet ligg på neset på Utne, med vakkert utsyn over fjord og fjell.  Her kan ein oppleva Hardangerkulturen i naturskjønt landskap, og vitja utstillingar i eit moderne administrasjonsbygg, og historiske bygningar i museumstunet.

Administrasjonsbygget er reist i tre omgangar. Fyrste del stor ferdig i 1976, andre del er frå 1987, medan den nye toppetasjen opna i 2011.

I administrasjonsbygget finn ein forutan utstillingslokale og kontor, magasin, storsalen, kafe og verkstader. Kring adminstrasjonsbygget ligg friluftsmuseet med omlag 20 gardshus, naust, skulestove og krambua etter Sjur Svartveit.

Hardanger folkemuseum har óg avdelingar på Skredhaugen på Lofthus og på Bu, og styrer i tillegg Agatunet.