– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Bernhard Greve - arkivet

Prosjektet

Hardanger og Voss museum har fått støtte frå Nasjonalarkivet til å utforska nye måtar å arbeida med- og formidla arkiva våre på.

I dette prosjektet skal vi arbeida med arkivmaterialet etter Bernhard Greve. Greve var kunstnar, og var tidlegare elev av Henri Matisse. Han er ein av Noregs mest framståande glasmålarar frå tidleg på 1900-talet, med glasmåleri i mange kyrkjer rundt om i landet. I 1918 kjøpte han Skredhaugen, eit bygdetun på Lofthus i Hardanger. Han budde der i mange år og bygde det opp som eit museum som i dag er ein del av Hardanger og Voss museum.

Materialet omfattar brev, skissebøker, notat, design og fotografi frå heile livet til Greve. Særleg er desse knytt til glasmaleria hans.

Prosjektet har tre hovudmål:

  • Å samarbeida med eksterne partnarar, både andre institusjonar og enkeltpersonar eller grupper som har interesse for eller kunnskap om Greve.
  • Å kartleggja kva som finst, og reorganisera arkivet, slik at det blir meir tilgjengeleg. Dette vil òg leggja til rette for ei grundig digitalisering i framtida.
  • Å formidla og synleggjera både prosessen med korleis vi arbeider med arkivet, og resultata av prosjektet.

I tillegg til andre enkeltpersonar og grupper, er prosjektet eit samarbeid med Norsk Forening for Glassmaleri. Dette er ein del av eit nasjonalt formidlingsprosjekt om Greve sine glasmaleri, i samarbeid med Nidaros domkirkes restaureringsarbeid og dei ulike kyrkjelege fellesråda og kyrkjene der arbeida til Greve finst (LINK).

Vi ønskjer òg å koma i kontakt med andre som har interesse for Greve, og som kan vera med og påverka kva vi leitar etter og kva spørsmål vi stiller om livet og arbeidet hans.

Følg prosjektet på Instagram

Nokre av spørsmåla vi så langt utforskar er:

  • Korleis kan arkivmateriale endra måten vi ser og opplever eit kunstverk på?
  • Kva innverknad hadde Greve sine reiser gjennom Europa på arbeidet hans?
  • Kva andre kunstnarar var Greve i kontakt med, og korleis påverka dette arbeidet hans?
  • Kopierte Greve seg sjølv i seinare arbeid?
  • Kva vart gjenteke, og kva vart endra?

Når det gjeld formidling, er det mogleg å følgja prosjektet og få innblikk i funna våre gjennom Instagram-kontoen HFU-arkivet (LINK). På museet finst det òg ein ny arkivmonter på Hardanger Folkemuseum som jamleg vil bli oppdatert med nye funn frå Greve-arkivet.

I tillegg håpar vi at prosjektet vil leggja grunnlaget for ei utstilling der arkivmateriale og kunstverka til Greve kan opplevast saman.

Dersom du har spørsmål om prosjektet, eller er interessert i Bernhard Greve, ta gjerne kontakt via e-post: post@hvm.museum.no

Bilete frå samlinga. Foto: Benjamin Richards