– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Hardanger folkemusikksamling

Ditt regionale folkemusikksarkiv

Hardanger folkemusikksamling er eit regionalt arkiv for folkemusikk i Hardanger. FøremĂ¥let er Ă¥ samla inn og ta vare pĂ¥ folkemusikk- og folkedanstradisjon frĂ¥ Hardanger, og formidla kunnskap om desse tradisjonane til interesserte brukargrupper.

I samlinga fins det omlag 8000 enkeltkutt med folkemusikkopptak, samt video-opptak med folkedans.

Liste over slĂ¥ttar og utøvarar

Me har tatt ut lista av slĂ¥ttar og utøvarar frĂ¥ arkivprogrammet Fiol og samla det i eit søkbart pdf-dokument. Dersom du er interessert i Ă¥ fĂ¥ tilsendt kopi av slĂ¥ttane, ta kontakt med Hardanger folkemusikksamling.

Samlinga yter mellom anna tenester som gjeld:

  • kopi av lydband
  • utlĂ¥n av dansevideoar
  • utlĂ¥n/kopi av bilete tilknytt folkemusikk og folkedans
  • utlĂ¥n/kopi av folkemusikklitteratur
  • informasjon om folkemusikk

Hardanger folkemusikksamling er eit samarbeidstiltak mellom Hardanger Spelemannslag, Hardanger folkemuseum, Spelemannslaget Kvemmingen og Hordaland Ungdomslag. Samlinga vart skipa i 1984 etter vedtak i dei fire organisasjonane.

Tilgjenge av lydfiler

Framover vil me, i samarbeid med Vestlandsarkivet, arbeida med ei løysing der De kan høyra utdrag av slĂ¥ttar og songar. Nokre av desse ynskjer me skal vera direkte nedlastbare. Det avheng litt av opphavsrettar, private avtalar med utøvar og restriksjonar i Ă¥ndsverkslova.
Føl med pĂ¥ sida for Ă¥ halda deg orientert om utviklinga.

Fotoarkiv

Me ynskjer og Ă¥ etablera eit fotoarkiv pĂ¥ denne sida, slik at tradisjonen innanfor spel, dans kan illusterast med gamle og nye foto.

Dokumentasjonprosjektet

Arkivet er oppbygd pĂ¥ innsamlingar som har blitt gjort siste 100 Ă¥r. Dette arbeidet tek aldri slutt. Folkemusikk endrar seg over tid. For Ă¥ forstĂ¥ og nyttiggjera seg bĂ¥de endring og utvikling er det naudsynt Ă¥ dokumentera over tid. Kvar generasjon og utøvar har sin pĂ¥virkning pĂ¥ form og utføring, og dette er viktige detaljar Ă¥ dokumentera. I dag er det mange unge utøvarar innan folkemusikk og folkedans i Hardanger. Hardanger folkemusikksamling arbeider kontinuerleg med nye opptak for Ă¥ dokumentera deira uttrykk og formidling.

Donering og/eller digitalisering av private opptak

Me set pris pĂ¥ Ă¥ fĂ¥ inn gamle private lydopptak, film og foto av folkesong, -musikk og -dans.
Dersom du har slike opptak liggjande, tek me dei inn for digitalisering og oppbevaring i arkivet. Origanalen fĂ¥r du attende, eller dei kan donerast til Hardanger folkemusikksamling, dersom det er ynskjeleg.

Kontakt

Arne Fykse

Fokemusikkarkivar

Hardanger folkemusikksamling

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36

5778 Utne

Tlf: 97168511

E-post arne.fykse@hvm.museum.no