Hardangerbunaden


Stolt tradisjon
SĂ¥ langt attende som til 1600-talet kledde folk pĂ¥ landsbygda seg i klede som var typiske for den staden dei budde pĂ¥. Kleda skilte seg ut frĂ¥ dei meir moteprega kleda som var nytta i byane og frĂ¥ klede som var nytta i andre bygder. Elementa i draktskikken kom frĂ¥ ulikt hald. Nokre plagg var ei vidareføring av klede som var brukt i mellomalderen, svært mange av plagga kom frĂ¥ europeisk renessansemote, og nokre plagg var inspirert av andre stilretningar ute i verda. Men utforminga og samansettinga er lokal, og likeins skikkane knytt til kva som sømde seg til eit kvart høve. Folkedraktskikken omfatta alle kleda folk brukte, frĂ¥ dei som nyfødde vart boren til dĂ¥pen og til dei døydde og vart gravlagde.
Kring 1880 tok den tradisjonelle folkedrakta i Hardanger til Ă¥ gĂ¥ ut av bruk. Samstundes skjedde det fleire ting som gjorde at kvinnedrakta ikkje vart gløymt, men tvert om fekk nytt liv og ei skikkeleg oppblomstring! PĂ¥ midten av 1800-talet fatta mange kunstnarar interesse for den mektige naturen og det frodige folkelivet pĂ¥ bygdene. Perioden fekk namnet nasjonalromantikken. Det mest kjente mĂ¥leriet frĂ¥ denne perioden er mĂ¥la i 1848 av Tidemand og Gude og heiter «Brurefærden i Hardanger». Nasjonalromantikken gjorde sitt til at mange syns hardangerdrakta var vakker.
Den viktigaste grunnen til at hardangerdrakta fekk nytt liv er det norskdomsrørsla som har æra for. PĂ¥ slutten av 1800-talet var Noreg i union med Sverige. Mange nordmenn ynskte at Noreg skulle verta ein sjølvstendig nasjon. Det vart arbeid pĂ¥ mange frontar, og særleg med Ă¥ skapa ein norsk kulturell identitet. Norskdomsrørsla trengte eit kraftfullt symbol, og dei fann hardangerdrakta. Kvinner knytt til rørsla tok til Ă¥ kle seg i hardangerdrakta ved festlege høve, og i trĂ¥d med det gamle norske sprĂ¥ket vart drakta kalla kledebunad, eller berre bunad. Noreg vart sjølvstendig i 1905, og bruk av bunad vart veldig populært. Over heile landet tok folk til Ă¥ sy seg hardangerbunad, eller noko som likna. Hardangerbunaden vart oppfatta som nasjonaldrakt. Ja, lenge vart drakta berre kalla «nasjonalen». Og det Ă¥ kle seg i bunad kunne heite Ă¥ kle seg nasjonalt.
I utstillinga freistar me Ă¥ syna ulike aspekt ved denne utviklinga, og syna draktmaterialet som ligg til grunn for folkedrakta og bunaden.