Krotakakebaking

Krotakaker i eldhuset

Kvar tysdag i juli er det baking i eldhuset på Hardanger folkemuseum.

Ein gjeng røynde bakstekoner bruker å komme til eldhuset i museumstunet for å baka krotakaker.

Dei fyrer opp i omnen med fine skier av ljosor. Deretter lagar dei emne, kjevlar, krotar og steikjer desse nydelege kakene.

Krotakaker er tradisjonsrik kost i Hardanger. Kakene liknar flatbrød, men deigen er laga av rugmjøl, vatn og gjær, og dei rutast med eit særskilt kjevle.
Nytast tørre med smør eller bløytte med smør og prim.
Prøv dei óg til saltmat, både som følge til middagsmat eller med pålegg.

Kom og opplev tradisjonsbakst i museumstunet!
Me kan diverre ikkje dela ut smaksprøver i år, men ein kan kjøpa krotakaker direkte av bakstekonene, eller i butikken vår.

Opningstider

4. januar-30. april: Tys-fredag kl 9-15
2.  mai-31. august: Tys-sundag kl 11-16
1. september-17. desember: Tys-fre kl 9-15

Kontakt

Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss på Facebook og Instagram

Opening hours

January 4-April 30: Tues-Friday 9 AM-3 PM
May 2-August 30: Tues-Sunday 11 AM-4 PM
September 1-December 17: Tues-Friday 9 AM-3 PM

Contact

Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 884
E-mail: post@hvm.museum.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X