Omvising i museumstunet
ons01jul12:00fre31(jul 31)14:00Omvising i museumstunetI juli
Om arr.
Bli med på omvising i museumstunet i juli. Tidspunkt for omvising i juli: Tysdagar: kl. 12:00 og 13:00 Onsdagar: kl. 12:00 og 13:00 Fredagar: kl. 12:00 og 13:00 Omvisinga vert avslutta med konsert. På
Om arr.
Bli med på omvising i museumstunet i juli.
Tidspunkt for omvising i juli:
Tysdagar: kl. 12:00 og 13:00
Onsdagar: kl. 12:00 og 13:00
Fredagar: kl. 12:00 og 13:00
Omvisinga vert avslutta med konsert.
På høgda ovanfor Hardanger folkemuseum ligg det idylliske museumstunet, forma som eit klyngjetun slik det kan ha sett ut før utskiftinga på slutten av 1800-talet. Her er det samla verdifulle bygningar frå Hardanger, slik som stover, buer, stabbur, løer og eldhus. Her er bolighus frå mellomalderen og ei skulestove som var i bruk til 1960-talet. Husa er innreidd med tidstypiske miljø, slik dei kan ha sett ut då dei var i bruk. Våre omvisarar tek deg med inn i husa og fortel om livet i tunet, bygningane, og korleis ein levde i Hardanger i tidlegare tider.
I museumstunet finn ein óg frukthagen. Her fins fleire historiske eplesortar, pærer og moreller.
Her finn ein óg Diktarstien, ein vakker sti av skiferheller med sitat av norske diktarar som har vorte heidra med ein diktartavle i museumstunet.
Omvising og konsert er inkludert i inngangsbilletten desse dagane.
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis