– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Diktarstien – som eit kunstverk mellom husa i klyngetunet

Diktarstien slynger seg som eit kunstverk mellom husa i museumstunet. Steintavlene inneheld dikt, strofer og sitat frå mange av våre mest omtykte diktarar.

Den fyrste dikttavla var lagt ned alt i 1992, men dagen vart offisielt innstifta i høve Olav H. Hauge sin 85 årsdag i 1993. Diktarhovdingen frå Ulvik var sjølv med å ta initiativet til Diktarstien. 

Alle steintavlene er utforma av biletkunstnar og tidlegare rektor ved Kunsthøgskulen i Oslo, Cecilie Broch Knudsen.

I museumsbutikken finn du og ei vakker bok om Diktarstien som vart utgjeve av Nynorsk kultursentrum i 2017, i høve den opplevingrike stien sitt 25-årsjubileum.

Diktardagen 18. august

Kvart år arrangerar Hardanger folkemuseum og Olav H. Haugesenteret Diktardagen, der ein ny stein vert lagd ned av diktaren sjølv.

Diktarstien ved Hardanganger folkemuseum. skiferplater på rekke i graset. Foto Benjamin Richards
Diktarstien i museumstunet ved Hardanger folkemuseum. Grønne bakker med en sti av skiferplater går mellom de gamle husene på Utne. Foto Tine Kjosås