Konsertar folkemusikk
ons01jul13:00fre31(jul 31)15:30Konsertar folkemusikktysdag, onsdag og fredag i juli
Om arr.
Konsertar kvar tysdag, onsdag og fredag I juli inviterer me på folkemusikkonsertar på Hardanger folkemuseum. Det vert konsertar kvar tysdag, onsdag og fredag kl 13, 14 og 15. Konsertane varar kring
Om arr.
Konsertar kvar tysdag, onsdag og fredag
I juli inviterer me på folkemusikkonsertar på Hardanger folkemuseum. Det vert konsertar kvar tysdag, onsdag og fredag kl 13, 14 og 15. Konsertane varar kring 20 minuttar, og er inkludert i den vanlege inngangsbilletten.
I år er det unge og lovande Anna Margrete Emmerhoff Grønsnes som spelar konsertane. Slik skildrar ho seg sjølv:
«Eg heiter Anna Margrete Emmerhoff Grønsnes, bur på ein fruktgard og spelar hardingfele. Eg har spelt hardingfele i snart ni år, og det har blitt ein veldig viktig del av livet mitt. Hardingfela har ein spesiell lyd som eg synest er veldig vakker. Eg likar godt å spela folkemusikk, for den fører meg inn i den norske kurturen. Eg øver mykje og prøver å bli betre heile tida. I sommar gler eg meg veldig til å spela for dykk! Håpar de vil ta ein tur innom! «
Tysdag 7., onsdag 8. og fredag 10. juli er det Siri Nordgård som har konsertane. Ho er ein svært dyktig toradar-spelar, og vann Landskappleiken i toradarspel i 2025.

Konsertane er arrangert i samarbeid med hardingfela.no
Foto: Elisabeth Emmerhoff
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis