Diktardagen 2026
tys18aug18:0019:30Diktardagen 2026Poetisk festkveld på Utne
Om arr.
Velkomen til Diktardagen 18. august kl. 18:00 på Hardanger folkemuseum – ei årleg markering av norsk lyrikk og Olav H. Hauge sin fødedag. I år blir Inger Elisabeth Hansen tildelt Diktartavla
Om arr.
Velkomen til Diktardagen 18. august kl. 18:00 på Hardanger folkemuseum – ei årleg markering av norsk lyrikk og Olav H. Hauge sin fødedag.
I år blir Inger Elisabeth Hansen tildelt Diktartavla 2026. Prisutdelinga finn stad på Diktarstien, der ho får si eiga diktartavle blant nokre av dei fremste norske lyrikarane.
Etter avdukinga held programmet fram inne på museet. Inger Elisabeth Hansen les eigne dikt og møter fyrstekonservator ved Haugesenteret, Stein A. Hevrøy, til samtale om forfattarskapen hennar. Kvelden blir ei markering av eit av dei mest særmerkte lyriske stemmene i norsk samtid.
Inger Elisabeth Hansen debuterte i 1976 og er rekna som ein av våre fremste lyrikarar. Gjennom eit omfattande forfattarskap har ho skrive poesi, essay, prosa og gjendiktingar.
Diktardagen er eit årleg arrangement der Haugesenteret og Hardanger folkemuseum heidrar ein norsk forfattar med ei ny diktartavle på Diktarstien. Stien, som vart etablert på initiativ frå Olav H. Hauge, rommar i dag diktartavler frå ei rekkje av dei viktigaste norske lyrikarane.
Billett: kr 200
Billettar
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis