Tvillingsong
Om arr.
Filmen Tvillingsong av Anne Tveit Knutsen om tvillingane Eli og Toril frå Øystese vert vist 26. februar kl. 14 i Kabuso. Gjennom dei 25 minutta filmen varar følger me
Om arr.
Filmen Tvillingsong av Anne Tveit Knutsen om tvillingane Eli og Toril frå Øystese vert vist 26. februar kl. 14 i Kabuso.
Gjennom dei 25 minutta filmen varar følger me tvillingane Eli og Toril, to kvinner på 52 år, som lever med utviklingshemming. Når filmen startar bur dei i kvart sitt bufellesskap i Øystese, på kvar si side av bygda, og med jamne mellomrom møtest dei på eit feriesenter i bygda, kor dei overnattar saman.
Tvillingane har fleire kosedyr som dei aktivt brukar i kommunikasjonen med kvarandre og omverda, mellom anna kvar sin Julius som dei fekk i 1986. Kosedyra er med dei overalt, og begge Juliusane er reparert fleire gonger. I ein periode vart kosedyra teken frå dei, fordi vaksne ikkje skal ha kosedyr, men truleg fungerer dei som eit viktig kommunikasjonsverktøy for dei båe.
Den eine tvillingen lever i starten av filmen med ein alvorleg nyresvikt, stadium 5. Filmen følger tvillingane den siste tida dei har saman før Toril dør 30. mars 2019, og gjennom den første tida Eli har aleine.
Filmen undersøker tvillingane sin relasjon til kvarandre og omverda. På kva måte kommuniserer dei når fullstendige og meiningsberande setningar i det verbale språket er fråverande? Språket er jo der likevel; som toneleie og blikkontakt, og som fragmentariske setningar og ord, ofte formidla gjennom kosedyra.
Inngang: 50 kr
Idé, regi og kuntnerisk drivkraft: Anne Tveit Knutsen
Foto & klipp: Kieran Kolle
Lyd: Øyvind Rydland og Jorunn Børve Eriksen.
Musikk: Mari Kvien Brunvoll
Produsent: Elin Sander
Takk til:
Vestnorsk Filmsenter, Stiftelsen Fritt Ord, Billedkunstnernes Vederlagsfonds Prosjektstøtte, Kulturrådet, Helle Bennetts Allmennyttige Fond, Bergen kommune og Norsk Filminstitutt.
Takk også til Øystein Hauge for hjelp til tittelen; Tvillingsong
TVILLINGSONG TEASER from Aldeles on Vimeo.
Billettar
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis