Perleskum
sun03okt18:0019:30PerleskumFolkemusikk / Jazz
Om arr.
Sundagkveld med Jorun Marie Kvernberg & co i Kabuso – hald av 3. oktober for desse fire jazz- og folkemusikarane! Perleskum er: Jorun Marie Kvernberg (fele, hardingfele, song, komponist) Unni Boksasp
Om arr.
Sundagkveld med Jorun Marie Kvernberg & co i Kabuso – hald av 3. oktober for desse fire jazz- og folkemusikarane!
Perleskum er:
Jorun Marie Kvernberg (fele, hardingfele, song, komponist)
Unni Boksasp (folkesong, harpeleik)
Lars Andreas Haug (tuba)
Dag-Filip Roaldsnes (piano)
To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar seg med nye tonar til Vinje sine evig unge ord, og har med seg eit spildrande nytt album. Tuba-virtuosen Lars Andreas Haug ertar den kvikke nordmørs-stemma Unni Boksasp opp i nye høgder. På svarte og kvite loddar Dag-Filip Roaldsnes djupet, medan komponist og felespelar Jorun Marie Kvernberg auser på og opp og fram med boge og streng.
Dei ettertrakta musikarane har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar, fleire Spellemannprisar og ei imponerande merittliste.
Perleskum spring ut frå tingingsverket «På geitevis», som var tinga av Førdefestivalen 2018.
>>> Sjå nettsida for Perleskum
>>> Perleskum på Spotify
Billettar
Tid
Hending på Facebook
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis