Ny basisutstilling
ons16jun(jun 16)11:00sun22aug(aug 22)16:00Ny basisutstilling
Om arr.
Den nye basisutstillinga på Voss folkemuseum, Utsyn mot Voss, står ferdig til sesongopninga 16. juni og kan opplevast alle dagar kl 11-16 t.o.m. 22. august. Utstillinga fortel historia om Voss dei
Om arr.
Den nye basisutstillinga på Voss folkemuseum, Utsyn mot Voss, står ferdig til sesongopninga 16. juni og kan opplevast alle dagar kl 11-16 t.o.m. 22. august.
Utstillinga fortel historia om Voss dei siste 500 åra, og er eit resultat av mange års arbeid. Museet har henta fram mange godbitar frå samlingane sine, og har i tillegg lånt inn ei rekkje gjenstandar frå andre.
Utstillinga opnar med ein presentasjon av det gamle bondesamfunnet. På vegen vidare gjennom historia er der to store vendepunkt – opninga av Vossebanen i 1883, og den andre verdskrigen. I utstillinga vil du mellom anna møta mange enkeltpersonar som har prega lokalsamfunnet gjennom desse åra, du vil høyra opptak med mange av dei beste musikarane frå bygda, og du vil sjå filmar frå Ekstremsportveko. Det heile vert presentert på ein ryddig og innbydande måte, og utstillinga er laga av Bergens-firmaet Vill.
Illustrasjon: Skisse til basisutstilling
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis