Lyden av Hardanger
ons23aug18:0020:00Lyden av HardangerOpedal skule
Om arr.
Høyr lyden av Hardanger på Skredhaugen onsdag 23. august kl 18. Opedal skule vann Veslefrikkprisen for andre gong med komposisjonen «Lyden av Hardanger». Elevane har spelt med Kork, og
Om arr.
Høyr lyden av Hardanger på Skredhaugen onsdag 23. august kl 18.
Opedal skule vann Veslefrikkprisen for andre gong med komposisjonen «Lyden av Hardanger». Elevane har spelt med Kork, og denne onsdagen kan du høyra elevane framføra verket på Skredhaugen.
Utstillinga Glimt frå ein barndom og kunstsamlinga etter Jon Bleie er ope. Venelaget serverer kaffi og noko godt å eta. Små og store er hjarteleg velkomne.
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis