Kulturminnedagen 2019
sun08sep14:0017:00Kulturminnedagen 2019- framtidas kulturarv
Om arr.
Kvart år arrangerar me Kulturminnedagen i museumstunet. Då vert det mange spanade aktivitetar for både store og små, som de både kan sjå på og delta i. Det vert handtverk,
Om arr.
Kvart år arrangerar me Kulturminnedagen i museumstunet. Då vert det mange spanade aktivitetar for både store og små, som de både kan sjå på og delta i. Det vert handtverk, song og dans, og godt å drikka og eta. Me fyrar i eldhuset og lagar steinomnsbakt pizza, og serverar eplesaft pressa av dei historiske eplesortane i museumshagen, som borna får vera med å pressa. Me har og ein eigen kafé for borna – Det gyldne eple.
Kulturminnedagane arrangerast over heile landet, og har kvart år eit tema. Tema for 2019 er «Framtidens kulturarv.»
Meir info kjem.
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis