Avlyst: Kaffipause
sun09okt14:00Avlyst: KaffipauseVed Amber Ablett og Eva Rowson14:00(GMT+00:00)
Om arr.
Bli med på kaffipause med kunstnar Amber Ablett og gjesten hennar, Eva Rowson – på Storeteigen sundag 9. oktober kl 14! Hausten 2022 har Amber Ablett invitert fire gjester til å
Om arr.
Bli med på kaffipause med kunstnar Amber Ablett og gjesten hennar, Eva Rowson – på Storeteigen sundag 9. oktober kl 14!
Hausten 2022 har Amber Ablett invitert fire gjester til å bli med i prosjektet Hvileåret: hvile, vekst og aktivisme.
Kvar gjest, som har ein praksis som aktivist eller innan omsorg, skal bu på Storeteigen frå fredag til sundag. Helga vil ha form av eit utvida intervju der dei saman diskuterer kva rolle kvile har i sine praksisar. Intervjua vil seinare danne ramma for kunstverk som skal visast sommaren 2023. På mini-residensen sin siste dag opnar Amber og gjesten Storeteigen for ein kaffipause og spørsmål. Dei inviterer publikum til å kome og dele sine eigne opplevingar av kvile i samfunnet vårt. Er det fint vær, sit me ute, men om det regnar sit me i Torsteinsstova.
Eva Rowson er kunstnar, kurator og dagleg leiar av Bergen Kjøtt.
Om prosjektet
Hvileåret: Hvile, vekst og aktivisme er eit 18 månader langt kunstnarleg forskingsprosjekt på Storeteigen bygdetun i Øystese utvikla av Amber Ablett. Prosjektet har som mål å skape eit kollektivt rom for å undersøkje kvila si rolle i vekst. Hvileåret fokuserer på kvile innan aktivisme og dei som kjempar mot undertrykking gjennom kollektiv tenking, skriving, verkstad (workshop) og intervensjonar på Storeteigen.
Hvileåret nyttar den tradisjonelle metoden innan jordbruk med vekselbruk og kvileår (på engelsk kjent som brakkåret – eit år som lar jorda fylle på med næringsstoff) som ein analogi for viktigheita av å ta pause og reflektere i arbeidet vårt.
Amber Ablett er ein kunstnar og forfattar basert i Bergen, Noreg. I arbeidet sitt ser ho på kor viktig det er å tilhøyre fellesskap og vere saman. Sentralt i arbeidet er spørsmål om korleis samfunnet formar, kontrollerar og avgrensar våre samansette identitetar. Ablett nyttar sin eigen posisjon som ein med fleirkulturell bakgrunn busett i Noreg, som utgangspunkt for å undersøkje fellesskap og felles tenking. Ho er interessert i korleis me lærer om oss sjølve gjennom å lære om andre menneske. Ablett nyttar ofte verkstadar og samlingar som ein plattform for å dele og opne praksisen sin.
Hvileåret er kuratert av Kunsthuset Kabuso og støtta av Norsk kulturråd
Tid
(Sundag) 14:00(GMT+00:00)
Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum