Jens Hauge - Utsiktspunkt og gøymestad
sun06okt(okt 6)17:00sun19apr(apr 19)00:00Jens Hauge - Utsiktspunkt og gøymestadUtstilling
Om arr.
I oktober opnar museet utstillinga «Utsiktspunkt og gøymestad». Den tek utgangspunkt i ein bildeserie kunstfotograf Jens Hauge starta i 1988 då han oppdaga ei nær falleferdig leikehytte i Vik i
Om arr.
I oktober opnar museet utstillinga «Utsiktspunkt og gøymestad». Den tek utgangspunkt i ein bildeserie kunstfotograf Jens Hauge starta i 1988 då han oppdaga ei nær falleferdig leikehytte i Vik i Sogn. Hauge reiste fleire gonger tilbake til den same hytta og tok bilete. Dette var dei fyrste av i alt 150 foto av ulike trehytter frå heile Sør-Norge. Utstillinga på Voss folkemuseum syner eit stort utval frå serien – inkludert hytter frå Voss.
Sjølv om utstillinga handlar om leikehytter er ikkje biletserien særskilt retta mot born som målgruppe. Hauge vil ikkje avsløra borna sin gøymestad, ein stad som for mange born kanskje er den fyrste forsiktige lausrivinga frå heimen. Bileta i utstillinga er meir meint som ei «minnebru» til publikum, fortel fotografen. Jens Hauge er oppteken av leikehyttene som fenomen, – av dei skulpturelle, arkitektoniske, kunstneriske, filosofiske og sosialantropologiske aspekta ein kan lesa frå dei.
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis