Harrang / Havaas / Lillefosse
lau03nov(nov 3)00:00sun10feb(feb 10)00:00Harrang / Havaas / Lillefosse
Om arr.
Seinhaustens utstilling er sett saman av fleire delar: Exsiccatae – eit verk av Ine Harrang, (1960-) kunstnar frå Molde Ei samling lav og mose frå Johan Havaas (1864 – 1956),
Om arr.
Seinhaustens utstilling er sett saman av fleire delar:
Exsiccatae – eit verk av Ine Harrang, (1960-) kunstnar frå Molde
Ei samling lav og mose frå Johan Havaas (1864 – 1956), botanikar og lavforskar frå Granvin
Akvarellar av Torkel Lillefosse (1868–1946), botanikar og plantemålar frå Strandebarm
Utstillinga er ei hylling til verdien i detaljar og den stille utforskinga av naturen me er del av.
Kuratert av Sissel Lillebostad
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis