Solokonsert med Svein Laingen Kjerland
ons05jul(jul 5)13:00fre28(jul 28)15:00Solokonsert med Svein Laingen KjerlandMinikonsertar i juli
Om arr.
I heile juli har me solokonsertar med den unge, dyktige felespelaren Svein Laingen Kjerland på Hardanger folkemuseum. Konsertane er inkluderte i inngangsbilletten til museet. Konsertar: Onsdag, torsdag og fredag: kl: 13:00,
Om arr.
I heile juli har me solokonsertar med den unge, dyktige felespelaren Svein Laingen Kjerland på Hardanger folkemuseum. Konsertane er inkluderte i inngangsbilletten til museet.
Konsertar:
Onsdag, torsdag og fredag: kl: 13:00, 14:00 og 15:00
Svein Laingen Kjerland kjem frå Granvin, og har utdanninga si frå Rauland. Han er ein dyktig hardingfelespelar, aktiv som solist, i grupper og spelemannslag, som brenn for formidling av folkemusikk og folkekultur. Me er veldig glade for å ha Svein til å spela konsertar i juli!
Svein spelar òg i Agatunet laudagar i juli klokka 13:00, 14:00 og 15:00 og på Skredhaugen på Lofthus kvar sundag i juli – klokka 13:00, 14:00 og 15:00.
Konsertane er arrangert av Hardingfela.no
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis