Har du sett nokon gammal kjerring?
sun11sep13:00Har du sett nokon gammal kjerring?På kulturminnedagen
Om arr.
Kulturminnedagen: Ta med familien på song og forteljeførestilling på Hardanger folkemuseum 11. september kl 13! Det var ein gong ein konge og ei dronning som budde i eit bitte lite kongerike.
Om arr.
Kulturminnedagen: Ta med familien på song og forteljeførestilling på Hardanger folkemuseum 11. september kl 13!
Det var ein gong ein konge og ei dronning som budde i eit bitte lite kongerike. Dei hadde ein katt, ein hane, ein stor frukthage, og så hadde dei ni ungar.
Ein dag fekk ungane dela frukthagen mellom seg, men då gløymde dei minste syster si, så ho fekk berre eit einaste lite tre. Brått ein dag kom det ei gammal kjerring.
Med utgangspunkt i eventyret «Epletreet til den minste prinsessa» har Astri Sudmann og Kari Finne Sognnæs laga ei song- og forteljeførestilling.
Songane som blir brukt er stort sett lokale folketonar, der ungane får vera deltakande. «Har du sett nokon gammal kjerring?» handlar om venskap, og verdien av å dela med dei rundt seg.
Medverkande:
Astri Sudmann – forteljing og song
Kari Finne Sognnæs – song og rytmeinstrument
I samarbeid med hardingfela.no
Billett til framsyninga er inkludert i billetten til kulturminnedagen: Vaksne 150,- Born 50,- Familie: 350,-
Billettar
Tid
Hending på Facebook
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis