Film: Kikis budservice
sun20nov13:00Film: Kikis budserviceBornas Kabuso
Om arr.
Filmvisning i Bornas Kabuso: Kikis budservice. Om ei ung heks som prøver å finne plassen sin i verda. Når heksene fyller 13 år skal dei flytte heimefrå, verta sjølvstendige
Om arr.
Filmvisning i Bornas Kabuso: Kikis budservice.
Om ei ung heks som prøver å finne plassen sin i verda. Når heksene fyller 13 år skal dei flytte heimefrå, verta sjølvstendige og finne ut kva evner dei har. Ein fullmånekveld klatrar Kiki oppå sopelimen sin, og saman med den snakkande katten Jiji, reiser ho ut i den store verda som eit flygande bod.
1 t 43 min. Tillat for alle
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kronar per born og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2022. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Nytt denne hausten er at internasjonale kunstnarar som held til i kunstnarhuset Messen i Ålvik leiar verkstaden saman med ein vert frå Kabuso.
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis