– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ensemble Eon

lau18nov16:00Ensemble Eon16:00(GMT+00:00)

Om arr.

Opplev ei unik besetning med fiolin, saksofon og piano i konsertsalen i Kabuso laurdag 18. november kl 16! Ensemble EON presenterar Mellom – eit unikt konsertprogram som drar lyttaren inn i ei ny klangleg verd.

Mara Haugen, fiolin
Morten Norheim, saksofonar
Martha Berit Belt, piano

Musikken er skrive av nolevande komponistar som har sterk tilknyting til Noreg, og utforskar det som oppstår i og mellom svært varierte musikkuttrykk.
Nyskrivne komposisjonar frå Francisco Cortney og Emiliano Ortiz, begge tidlegare studentar ved Griegakademiet, gjev innblikk i eit utforskande lydlandskap med sterke tilknytingare i høvesvis Argentina og Mexico.

Publikum vil også få oppleva verk av Sverre Idris Joner og Marius Neset, kor musikken spenner vidt med energifylte rytmar, dansande samspel og lyriske melodiar, som tidvis utforskar eit meir moderne og eksperimentelt uttrykk.
Hovudverket er Ståle Kleiberg sin  Piano trio no. 2, kor introduksjonen av saksofon gjev den klassiske trioen nye og spanande fargar.

Billettar

>>> KJØP