Helgekurs: Smøyg
lau09okt(okt 9)09:30sun10(okt 10)16:30Helgekurs: Smøygtil bringklut eller skjortesaum
Om arr.
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer kurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy smøyg.
Om arr.
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer kurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy smøyg. Ein vel sjølv om ein vil sy bringklut, belte, eller svartsaum til skjorte eller kaps.
Smøyg er ein svært gamal broderiteknikk, som i utsjånad liknar på veving. Den har vore mykje nytta på bringklutar og belte, og er førebiletet til dei vevde bringklutane mange nyttar i dag. Smøyg har og vore nytta på skjortekragar og på kaps, då som svartsaum.
Kurslærar er konservator på Norsk folkemuseum, Kari-Anne Pedersen. Ho har mellom anna jobba mykje med broderi på skjorter frå Telemark, som har svært forseggjorte smøygbroderi.
Kurset vert laurdag 9. og sundag 10. oktober, på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 16.30.
Påmelding til post@hvm.museum.no / 474 79 884 innan 24. september
Pris: Kr 3000,- for medlemer i Folgefonn/Norges husflidslag, 3500,- for ikkjemedlemar. Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.
>>> Sjå samla kursprogram for Hardanger og Voss museum pr januar 2021
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis