– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Helgekurs: Smøyg

lau09okt(okt 9)09:30sun10(okt 10)16:30Helgekurs: Smøygtil bringklut eller skjortesaum09:30 - 16:30 (10)(GMT+00:00)

detalj av bringklut med smøyg broderi i geometrisk mønster.

Om arr.

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer kurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy smøyg. Ein vel sjølv om ein vil sy bringklut, belte, eller svartsaum til skjorte eller kaps.

Smøyg er ein svært gamal broderiteknikk, som i utsjånad liknar på veving. Den har vore mykje nytta på bringklutar og belte, og er førebiletet til dei vevde bringklutane mange nyttar i dag. Smøyg har og vore nytta på skjortekragar og på kaps, då som svartsaum.

Kurslærar er konservator på Norsk folkemuseum, Kari-Anne Pedersen. Ho har mellom anna jobba mykje med broderi på skjorter frå Telemark, som har svært forseggjorte smøygbroderi.

Kurset vert laurdag 9. og sundag 10. oktober, på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 16.30.

Påmelding til / 474 79 884 innan 24. september

Pris: Kr 3000,- for medlemer i Folgefonn/Norges husflidslag, 3500,- for ikkjemedlemar. Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.

 

>>> Sjå samla kursprogram for Hardanger og Voss museum pr januar 2021

Tid

9 (Laurdag) 09:30 - 10 (Sundag) 16:30(GMT+00:00)