– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kulturminnedagen 2026

sun06sep11:3015:30Kulturminnedagen 2026Gratis inngang!

Om arr.

Kulturminnedagen: Sundag 6. september kl 11.30 – 15.30. Gratis inngang for alle!

Sundag 6. september kl 11.30 – 15.30 er det ope hus på Hardanger folkemuseum. Denne dagen er det mykje som skjer på museet og i museumstunet, og me har lagt opp eit program både for vaksne og born. Bli med på museet sin kjekkaste familiedag!

Dette kan du vera med på:

  • Spikking
  • Laga svidekor på tre
  • Laga perlearmband
  • Pressa eplesaft
  • Laga stearinljos
  • Steika mjølkekaker
  • Krota med kritt
  • Bygga lafta leikehus

Kl 12 og 14 Hardingfelespel med Arne Fykse

Få også med deg:

  • Eldhuspizza
  • Eplesmoltringar
  • Nysteikte mjølkekaker
  • Dropskoking
  • Besøk i kafeen
  • Skautfelling og vurdering av skaut
  • Utstillingane Dekor på tre, Bunad, folkedrakt og hardangersaum, og Folkemusikk
  • Museumsbutikken

Kulturminnedagen vert arrangert av Hardanger folkemuseum saman med Folgefonn husflidslag, Grimo bygdekvinnelag, Vikebygd og Aga bygdekvinnelag, Solgull 4H og Hardingfela.no

Velkomen til ein spennande dag på museet!

Tid

6. sept. 2026 11:30 - 15:30(GMT+00:00)

Få veibeskrivelse

Hending på Facebook