Invitasjon til samarbeid om innsamling av munnlege historier frå Hardanger
Om arr.
Hardanger folkemuseum inviterer til eit spennande samarbeidsprosjekt med organisasjonen Memoar. Gjennom prosjektet Vestlandsminne – fjordkultur i Hardanger skal me samle inn munnlege historier og livsminne frå Hardanger.
Om arr.
Hardanger folkemuseum inviterer til eit spennande samarbeidsprosjekt med organisasjonen Memoar. Gjennom prosjektet Vestlandsminne – fjordkultur i Hardanger skal me samle inn munnlege historier og livsminne frå Hardanger.
Temaet er fjordkultur i brei forstand: stadnamn, kulturminne, handverk, musikk, næringsliv, landbruk, fruktdyrking, fiske, samferdsle og livet langs fjorden. Me ønskjer å dokumentere både kvardagsliv, tradisjonar og endringane som har prega Hardanger, med særleg vekt på perioden 1940–2000.
Mange av dei som sit på verdifulle minne frå denne tida, byrjar å verte eldre. Difor hastar det med å ta vare på historiene deira.
For å lukkast treng me hjelp frå folk med lokalkunnskap og engasjement. Me inviterer difor både frivillige lag og organisasjonar, historielag, sogelag og privatpersonar til å bidra – anten med eigne historier, forslag til informantar eller ved å gjennomføre intervju.
Memoar og Hardanger folkemuseum inviterer alle interesserte til eit digitalt informasjonsmøte onsdag 18. november kl. 18.00.
Her presenterer me prosjektet, arbeidsmetodane og planane vidare. Det er inga binding til vidare deltaking.
Etter møtet vil me planleggje:
- Kurs i intervjuteknikk og metode: Ein praktisk kursdag med Memoar, der deltakarane lærer å gjennomføre livsminneintervju. Det vert òg mogleg å låne profesjonelt opptaksutstyr gratis.
- Intervjudag(ar): Ein eller fleire dagar med intervju av aktuelle informantar, med fagleg rettleiing og praktisk gjennomføring frå Memoar.
Har du ei historie å fortelje – eller kjenner du nokon som har det?
Både dei små kvardagsforteljingane og dei store hendingane er viktige delar av historia vår. Me ønskjer å kome i kontakt med alle som har historier å dele, eller som vil bidra til å ta vare på dei.
Alle er velkomne!
Digitalt møte onsdag 18. november kl. 18:00
Få tilsendt lenkje til møtet ved å melde di interesse her:
https://forms.cloud.microsoft/e/Gx9VCmhGAF?origin=lprLink
Tid
18. nov. 2026 18:00(GMT+00:00)