VÊR!
tors22jun(jun 22)12:30sun27aug(aug 27)17:00VÊR!Barnehageutstillinga 2023
Om arr.
Kvart år produserar Aga barnehage ei flott utstilling som vert sett opp i Jakobsbua – det kvite stabburet bak i tunet. Utstillinga opnar torsdag 22. juni 2023 klokka 12:30. Kunstnarene er
Om arr.
Kvart år produserar Aga barnehage ei flott utstilling som vert sett opp i Jakobsbua – det kvite stabburet bak i tunet.
Utstillinga opnar torsdag 22. juni 2023 klokka 12:30. Kunstnarene er tilstades, og bidreg med song i høve opninga.
I år har dei teke føre seg himmel og hav og vêrfenomenar – og lagar ei utstilling med både biletkunst og installasjonar. I tillegg presenterast refleksjonar frå kunstnarene!
Utstillinga står til 27. august, og er tilgjengeleg dagleg mellom 11 og 17.
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis