Siri Berrefjord
lau11maisun01sepSiri BerrefjordTekstilar og smykke
Om arr.
Siri Berrefjord arbeider med mange ulike kunst- og kulturuttrykk. Ho lager smykke, syr klede og jobber med grafisk design, mellom anna. Ho
Om arr.

Siri Berrefjord arbeider med mange ulike kunst- og kulturuttrykk. Ho lager smykke, syr klede og jobber med grafisk design, mellom anna. Ho har vore frilans fotograf i over 20 år. Berrefjord er ein spanande kunstnar som let seg inspirere av gamalt handverk, og dels nyttar moderne material som plast. Til Agatunet har ho med både tekstilar og smykke. Berrefjord har lenge nytta bondekulturen, med sine rike utsmykkingar, som grobunn for sitt eige uttrykk. I bondekulturens finn ho ei rikdom i fargar og detaljar som ho søkjer å fusjonere med nye materialer, for å gje nytt liv til tradisjonelle uttrykk. Ho har hug til å få sjølve tiden til å synast, tida som er nytta i framstillinga av objekta. For kva er eigentleg tid i en slik sammenheng? Eit uttrykk for omsut, for vedvarande merksemd og kjærleik til tinga. Ein omsut som gjer tinga eksklusivitet, heilt uavhengig av kva materiale dei er framstilla av.
Du kan lesa meir om smykkekunstnaren: her.
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis