Trio Wolski
Om arr.
Musikken til Trio Wolski har røter i svensk folkemusikk. Han er likevel eigenkomponert og består av ein miks av
Om arr.
Musikken til Trio Wolski har røter i svensk folkemusikk. Han er likevel eigenkomponert og består av ein miks av improvisasjon og velskrivne arrangement. Stikkord er harmoni, dynamikk og eit frisk og personleg brot med den tradisjonelle.
Hanna Blomberg – fiolin
Petter Ferneman – akkordeon
Kristian Wolski – cister
Musikarane har bakgrunn frå Malmö Academy of Music
Lytt og les meir på nettstaden til Trio Wolski

Billettar
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis