Sinikka Langeland og Erlend Apneseth
tors28nov19:30Sinikka Langeland og Erlend ApnesethKonsert
Om arr.
Hardingfele møter kantele Velkomen til konsert på Hardanger folkemuseum torsdag 28. november kl 19.30. Møt dei to fabelaktige musikarane Sinikka Langeland og Erlend Apneseth; ho meister på kantele, det finske nasjonalinstrumentet,
Om arr.
Hardingfele møter kantele
Velkomen til konsert på Hardanger folkemuseum torsdag 28. november kl 19.30. Møt dei to fabelaktige musikarane Sinikka Langeland og Erlend Apneseth; ho meister på kantele, det finske nasjonalinstrumentet, og han på vårt eige nasjonalinstrument, hardingfela. Dei er begge både musikarar og komponistar som vandrar mellom folkemusikk, jazz og samtidsmusikk. Sinikka Langeland er mellom anna kjend for sine tolkingar av eldgamle runesongar og folkemusikk frå Finnskogen, og for tonesetjing av Jon Fosse-tekstar. Erlend Apneseth sitt utgangspunkt er den lokale folkemusikktradisjonen på Jølster og Vestlandet. Dei er begge opne for nye uttrykk og nye samarbeid, og finn stor glede i å utfordre kvarandre og utforske samklangen mellom kantelen og hardingfela.
Hjarteleg velkomne alle!
Konserten er ein del av Førdefestivalen sin VestaFolk-prosjekt, og har støtte frå Vestland Fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
Her kan du lese meir om musikarane:
Billettar
Tid
Hending på Facebook
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis