Magnar Moen - Tonar frå svart
lau03feb(feb 3)00:00sun21apr(apr 21)00:00Magnar Moen - Tonar frå svartFoajeutstilling
Om arr.
Magnar Moen viser eit utval arbeid i foajeutstillinga Tonar i svart. Opplev utstillinga i perioden 3. februar-21. april 2024. Moen
Om arr.
Magnar Moen viser eit utval arbeid i foajeutstillinga Tonar i svart.
Opplev utstillinga i perioden 3. februar-21. april 2024.
Moen har teke utdanninga si ved Bergens kunsthåndverksskole i 1969.
Han har bak seg ei rekke separatutstillingar, av dei kan nemnast Haugesund kunstforening, Nord-Trøndelag fylkesgalleri, Christiansands Kunstforening, Galleri Kampen, Nordnorsk kunstnersentrum og Harstad kunstforening.
Verka hans er kjøpt inn av Bergen kunstmuseum, Bergen kommunale kraftselskap, Nord-Trøndelag fylkesgalleri, Levanger kommune, Norsk kulturråd, Bergen billedgalleri og Haugesund billedgalleri. Gjennom åra har han motteke fleire stipend og prisar i tillegg til å ha delteke i mange gruppeutstillingar, mellom anna BGO-1, Bergen kunstmuseum (2010-2011).
>> Sjå kunstnaren si eiga nettside
Utstillinga er støtta av Bildende Kunstneres Hjelpefond
Foto: Utsnitt av verket Utan tittel (2013), kolstift
Foajeutstillingar
… lett tilgjengelege (sjølv der hovudutstillinga er stengt)
… kan også opplevast frå kafebordet
… treng du ikkje billett for
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis