– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kvifor hestehovud og solrosettar? Om eit par velkjende motiv i folkekunsten.

mån06mar19:00Kvifor hestehovud og solrosettar? Om eit par velkjende motiv i folkekunsten.19:00(GMT+00:00)

Om arr.

Hestehovud og solrosettar er velkjende i folkekunsten, ikke minst her på Vestlandet. At den strålande solskiva fortener ein plass i treskurden, kan ein kanskje forstå, men hva med hesten? Kvifor hesten framfor andre dyr? Sett i eit historisk perspektiv er hesten er relativt ny i Noreg. Men kvar kom hesten frå, og kva tok den med seg?
Av helleristningane ser me at den med det same har fått ei særstilling i den norske biletverda. Kvifor? Og kvifor så ofte i kombinasjon med solrosetten? Kva eldgamle kultiske forestillingar er det me viderefører når me drikk øl av ei kjenge med solrosettar og hestehovud?

Måndag 6. mars held Mikkel B. Tin foredrag kring desse spørsmåla. Tin har doktorgrad i filosofi og har vore professor ved Universitetet i Sørøst-Norge, fyrst i tradisjonskunst, sidan i kulturfilosofi. Han har gitt ut fleire bøker om folkekunst og kulturhistorie, mellom anna De første formene – Folkekunstens abstrakte formspråk og Spilleregler og spillerom – tradisjonens estetikk. Som sjefskonservator ved Drammens Museum 2018-2021 kuraterte han den faste utstillinga «Hverdagshest og høytidshest» og gav samstundes ut boka Kapitler av hestens kulturhistorie.

Foto: Kjenge frå garden Kinne med solsymbol. Felles for Vossa kjengene er at dei alle har handtak forma som hestehovud.