– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Hardingfelekonsertar med Svein Laingen Kjerland

mån01jul13:00ons31(jul 31)15:00Hardingfelekonsertar med Svein Laingen KjerlandMinikonsertar i juli13:00 - 15:00 (31)(GMT+00:00)

Svein Kjerland spelar hardingfelekonsertar.

Om arr.

Hardingfelekonsertar

I juli 2024 har me hardingfelekonsertar med den unge, dyktige felespelaren Svein Laingen Kjerland på Hardanger folkemuseum. Konsertane er inkluderte i inngangsbilletten til museet.

Konsertar:
Tysdag 2. og 23. juli kl: 13:00, 14:00 og 15:00

Onsdag 24. juli kl: 13:00, 14:00 og 15:00

Torsdag 4. og 25. juli kl: 13:00, 14:00 og 15:00

Fredag 5. og 26. juli kl: 13:00, 14:00 og 15:00

Svein Laingen Kjerland kjem frå Granvin, og har utdanninga si frå Rauland. Han er ein dyktig hardingfelespelar, aktiv som solist, i grupper og spelemannslag, som brenn for formidling av folkemusikk og folkekultur. Svein jobbar som distriksmusikar i Ullensvang kommune. Me er svært glade for å ha Svein til å spela konsertar i juli!

Kombiner gjerne konserten med ei omvising i museumstunet

Svein spelar òg i Agatunet laurdag 6. og 27. juli klokka 13:00, 14:00 og 15:00 og på Skredhaugen på Lofthus onsdag 3. juli klokka 18.

Foto: Elisabeth Emmerhoff

Konsertane er arrangert av Hardingfela.no

Tid

1 (Måndag) 13:00 - 31 (Onsdag) 15:00(GMT+00:00)