– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Systerspel

sun05mai(mai 5)15:30sun08sep(sep 8)17:00SysterspelUtstilling(mai 5) 15:30 - (sept. 8) 17:00(GMT+00:00)

felespelar Jenny held fela under armen. Ho har på seg kjole med ei stor rose på brystet.

Om arr.

Utstillinga systerspel

Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Dei var her, og så vart dei borte? Systerspel er ei vandreutstilling basert på ei ny bok skrive av Benedicte Maurseth om spelekvinner. Om kvinner som spela fele, frå 1700-talet til i dag. Utstillinga opnar sundag 5. mai og står til sundag 8. september 2024.

Å spela fele var for menn. Det har me alltid trudd. Men Maurseth har leita fram kvinnene, frå skrift og munnleg tradisjon. Dei er fleire enn du trudde. For fyrste gong vert det produsert ei vandreutstilling om spelekvinna kring Noreg og hennar historie. Utstillinga er såleis unik, og gjev publikum høve til å sjå og oppleva mellom anna den eldste hardingfela bruka av ei spelekvinne frå 1784, handskrivne turnébrev, særmerkte felehus henta fram frå privat eige, eldre og ukjende fotografi, lydopptak med meir.

Me har og supplert Systerspel med lokale foto frå Hardanger spelemannslag, bilete og gjenstandar frå hardingfelespelar Ingeleiv Kjerland Kvammen, og fantastiske foto av dagens spelekvinner tatt av fotograf Elisabeth Emmerhoff. https://www.elisabethemmerhoff.no/hardingfelespelarar/

Utstillinga er produsert av Osafestivalen, og støtta av Norsk Kulturråd, Vestland fylkeskommune, Voss Herad, Fritt Ord, Voss Sparebank og Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Opningstider

Utstillinga opnar sundag 5. mai kl 15.30. I tida 5. mai – 31. august, alle dagar kl 11 – 17. I tida 1. – 8. september, måndag til fredag 9 – 15.

Tid

Mai 5 (Sundag) 15:30 - Sept. 8 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)