Toradarkonsertar med Amalie Kinsarvik Tvilde
mån01jul13:00ons31(jul 31)15:00Toradarkonsertar med Amalie Kinsarvik TvildeMinikonsertar i juli
Om arr.
Toradarkonsertar I juli 2024 har me toradarkonsertar med unge, dyktige Amalie Kinsarvik Tvilde på Hardanger folkemuseum. Konsertane er inkluderte i inngangsbilletten til museet. Konsertar: Tysdag 9. og 16. juli kl: 13:00, 14:00
Om arr.
Toradarkonsertar
I juli 2024 har me toradarkonsertar med unge, dyktige Amalie Kinsarvik Tvilde på Hardanger folkemuseum. Konsertane er inkluderte i inngangsbilletten til museet.
Konsertar:
Tysdag 9. og 16. juli kl: 13:00, 14:00 og 15:00Torsdag 11. og 18. juli kl: 13:00, 14:00 og 15:00
Fredag 12. og 19. juli kl: 13:00, 14:00 og 15:00
Amalie Kinsarvik Tvilde er durspelar frå Kinsarvik i Hardanger. Ho er både soloutøvar, dansar og pedagog. Amalie er ein viktig tradisjonsbærar av tradisjonsmaterialet frå Hardanger og Voss og har fordjupa seg i hardingfeletradisjonen frå desse områda. Ho har også arbeida mykje med feletradisjonen frå Nordland, Finnskogen og Røros. Repertoaret spenner seg frå både dansemusikk, bygdespel, gammaldans og lydarslåttar.
Amalie spelar òg i Agatunet laurdag 13. og 20. juli klokka 12:30, 13:30 og 14:30 og på Skredhaugen på Lofthus onsdag 10. og 17. juli – klokka 18.
Foto: Siv Dolmen
Konsertane er arrangert av Hardingfela.no
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis