– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Knut Hamre og Nils-Erik Kvamme

sun24okt16:30Knut Hamre og Nils-Erik KvammeSpel slåtten min Olav16:30(GMT+00:00)

Om arr.

Konsert på Hardanger folkemuseum, sundag 24. oktober kl 16.30

«Spel slåtten min, Olav» – eit portrett av spelemannen Olav Håstabø med Knut Hamre og Nils-Erik Kvamme.

Året er 1899. Olav Håstabø ventar på at kona Guro skal kome tilbake etter eit ærend i Folkedal. Olav veit det går mot slutten av livet. Kva har han gjort? Kva vil stå att etter han? Nye retningar innan folkemusikken har fanga ungdommen – han kjenner seg gløymd. Dette er fundamentale spørsmål han stadig undrar over der han står på Brakahaugjen på Hamre og let tankane svive tilbake til hendingar og menneske han møtte i sitt liv som spelemann.

Me veit i dag at slåttane etter han levde vidare, og sjølv 120 år seinare står dei som pillarar blant unge spelemenn over heile landet. Olav Håstabø (1826-1899) frå Løfloten i Hardanger har vorte ståande som ein av dei største spelemennene i regionen gjennom alle tider. Ingen er betre rusta til å formidle den verdifulle musikalske arven etter Håstabø enn meisterspelemann Knut Hamre.

Nils-Erik Kvamme er journalist og freelanceskodespelar, han er busett i Larvik, men er oppvaksen i Granvin. Han har i mange år hatt ynskje om lage ei forestilling om det som kan seiast å vera ein av Hardanger sine største og viktigaste spelemenn.
Knut Hamre er ein av dei største hardingfelespelarane i landet og kjenner tradisjonen etter Olav Håstabø svært godt. Han er oppvaksen i Folkedal og har soleis også vore mykje på Hamre, der Olav budde. No bur han i Kvandal i huset til Sjur Håstabø (Nolten), som var brorsonen til Olav Håstabø.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Billettar

Bilettsal

Hending på Facebook

Sjekk ut!