Fjellskred og flodbylgjer – frå Tafjordulykka i 1934 til klimaendringar i dag
tors21apr19:0020:00Fjellskred og flodbylgjer – frå Tafjordulykka i 1934 til klimaendringar i dag
Om arr.
Har du høyrt om Tafjord-ulykka i 1934? Denne ulykka er stadig vekk ein av dei største skredulykkene i Noreg. Eit større fjellparti raste ut i fjorden og skapte fleire flodbylgjer,
Om arr.
Har du høyrt om Tafjord-ulykka i 1934? Denne ulykka er stadig vekk ein av dei største skredulykkene i Noreg. Eit større fjellparti raste ut i fjorden og skapte fleire flodbylgjer, les tsunamiar, som tok livet av 40 menneskjer.
I Vikinghallen på Hardanger fartøyvernsenter ligg i dag fartøyet «MB Tafjord» (1927) og blir restaurert etter antikvariske retningslinjer. Fartøyet vart tidlegare nytta som isbrytar, kyrkjebåt og skyss, og låg ute på fjorden då den forferdelege ulykka råka natt til 7. april 1934. MB Tafjord vart kasta 60 meter opp på land.
I dag er fartøyet eit historisk vitnesbyrd om den skjebnesvangre ulykka, og det er utgangspunktet for denne foredragskvelden.
21. april kl. 19.00 kjem Carl Bonnevie Harbitz til Hardanger fartøyvernsenter. Carl er avdelingsleier for «Klimatilpasning og hydrodynamikk» ved Noregs Geotekniske Institutt. Han har skrive om Tafjord-ulykka som ein del av sin ph.d., og vil denne kvelden fortelje oss meir om fjellskred og flodbylgjer. Me skal få eit historisk innsyn i Tafjord-ulykka og trekke trådar fram til i dag for å sjå på korleis klimaendringar i dag har betyding på dette området.
Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.
Inngang kr 100,- (i døra)
Open kafé og museumsbutikk
Velkomen til oss!
Tid
Hending på Facebook
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis