Film: Dumbo
sun05feb13:00Film: DumboBornas Kabuso
Om arr.
Første arrangement i Bornas Kabuso i 2023 er visning av Disney-klassikaren Dumbo frå 1941. Varigheit 1 t. 4 min. Bord med teiknesaker tilgjengeleg før, under og etter filmen. Elefantungen Dumbo veks
Om arr.
Første arrangement i Bornas Kabuso i 2023 er visning av Disney-klassikaren Dumbo frå 1941. Varigheit 1 t. 4 min. Bord med teiknesaker tilgjengeleg før, under og etter filmen.
Elefantungen Dumbo veks opp på sirkus. Der vert han erta for dei store øyra sine, men saman med musa Timothy finn han ut korleis han skal bruka øyra til å fly med. Slik vert han den einaste flygande elefanten i verda og ein stor attraksjon i sirkuset.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa åren 2023. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Kjøp medlemskap for våren 2023 digitalt (under) eller i resepsjonen
Billettar
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis