– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

mars 2023

mån20mar17:30SkautedagØv og prøv!17:30

Om arr.

Vil du læra korleis ein sett på seg skaut til hardangerbunaden? Eller få sjekka om skautet du har liggande framleis er brukanes? Alle som er interessert i bunadsskautet er hjarteleg velkomne på Hardanger folkemuseum måndag 20. mars kl 17.30 til ein uhøgtidleg skautedag der me testar skaut og øver på skauting.

Skautet kan vera litt komplisert å få fint på, men med litt øving kan ein få det til. Eller ein kan hjelpa kvarandre, då det ofte er lettare å skauta andre enn seg sjølv. Me lærer bort dei gode tipsa, frå dei som kan det.

Mange har kanskje skaut liggande heime, og er usikre på om dei framleis kan nyttast. Ta dei med på museet, og så testar me dei! Har du ein valk som ikkje kjennast god ut? Ta den med, og så finn me ut korleis den kan tilpassast. Eg god valk skal ikkje vera vond å ha på seg. Treng du ny valk, kan me hjelpa med det også.

Det er Folgefonn husflidslag, Bu og Ringøy bygdekvinnelag og Hardanger folkemuseum som inviterer til skautedag på museet. Me jobbar for å vidareføra kunnskapen om korleis ein feller/lagar bunadsskautet, slik at det framleis skal vera råd å få tak i nye bunadsskaut, eller få felt opp att gamle skaut som har gulna eller fått seg ein knekk. Me håpar og at fleire har lyst å nytta skaut til bunaden sin, og vil bidra til at fleire anten kan skauta seg sjølv eller hjelpa andre med skautinga.

Gratis inngang!

Foto: Laila Duran

Tid

(Måndag) 17:30

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Hending på Facebook

Sjekk ut!
X