– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Det er eit repeterande arrangement

Kortkonsertar med Svein Kjerland

lau08jul13:00Kortkonsertar med Svein KjerlandHøyr hardingfele i Lagmannsstova!13:00(GMT+00:00)

Svein Kjerland spelar hardingfelekonsertar.

Om arr.

I heile juli måned byr me kvar laurdag på tre kortare hardingfelekonsertar med Svein Kjerland!

Konsertane finn stad i Lagmannsstova, klokka 13, 14 og 15.

Konsert er inkludert i billetten og er ei flott oppleving! Ta kontakt i kaféen eller på epost (agatunet@hvm.museum.no) om du ynskjer å reververa plass på bestemte konsertar!

Svein Kjerland (f.1996) er frå Granvin og busett i Rauland. Han har ein bachelor i folkemusikk frå Universitetet i Sør-aust Noreg, avdeling Rauland.

Svein er ein dyktig hardingfelespelar, og er aktiv både som solist og i ulike grupper og spelemannslag. Svein er levande interessert i formidling av folkemusikk og folkekultur – og ein engasjert og engasjerande musikar å vera på konsert med! Han arbeidar og som lærer i kulturskulen – både på fele, gitar og trommer!

Foto: Elisabeth Emmerhoff.

 

Tid

(Laurdag) 13:00(GMT+00:00)