– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

april 2022

fre01apr19:30Ein hyllest til Halldor MelandKonsert og dans19:30

Om arr.

Felespelar Halldor Meland (1884 – 1972) vert heidra med stor konsert på Hardanger folkemuseum fredag 1. april kl 19.30. Dette i samband med at over hundre år gamle Halldor Meland-innspelingar no har vorte gitt ut på cd. Meland var ein svært sentral spelemann på 1900-talet, som både komponerte eigne slåttar og fornya det gamle slåttespelet.

På konserten medverkar mellom anna Knut Hamre, Per Anders Buen Garnås, Ingeleiv Kjerland Kvammen, Steinar Rygg, Alexander Aga Røynstrand, Åse Teigland, Torgeir Kinne Solsvik, Magne Velure og Hardanger Spelemannslag.

Etter konserten spelar Hardanger spelemannslag til dans.

Me ynskjer alle hjarteleg velkomne til konsert, festkveld, dans og feiring!

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd. Denne konserten er også støtta av Sparebankstiftinga Hardanger.

Tid

(Fredag) 19:30

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Billettar

Bilettsal

Hending på Facebook

Sjekk ut!
X