Omvisning i museumstunet
ons05jul(jul 5)12:00fre28(jul 28)14:00Omvisning i museumstunet
Om arr.
Bli med på omvisning i museumstunet i juli. Tidspunkt i juli: Onsdagar: kl. 12:00 og 14:00. Torsdagar: kl. 12:00 og 14:00. Fredagar: kl. 12:00 og 14:00. Omvisinga vert avslutta med konsert. På høgda ovanfor
Om arr.
Bli med på omvisning i museumstunet i juli.
Tidspunkt i juli:
Onsdagar: kl. 12:00 og 14:00.
Torsdagar: kl. 12:00 og 14:00.
Fredagar: kl. 12:00 og 14:00.
Omvisinga vert avslutta med konsert.
På høgda ovanfor muséet ligg det idylliske museumstunet, forma som eit klyngjetun slik det kan ha sett ut før utskiftinga på slutten av 1800-talet.
Berre to av husa stod opprinneleg på eigedomen, resten er flytta hit frå ulike stader i Hardanger. Husa er innreidd med tidstypiske miljø, slik dei kan ha sett ut då dei var i bruk.
I museumstunet finn ein óg frukthagen. Her fins fleire gamle eplesortar, pærer og moreller.
Her finn ein óg Diktarstien, ein vakker sti av skiferheller med sitat av norske diktarar som har vorte heidra med ein diktartavle i museumstunet.
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis