Omvising
sun22nov13:00OmvisingVisuelle nabolag
Om arr.
Bli med på omvising! Det vert høve til å gå djupare inn i utstillinga Visuelle nabolag saman med ein av Kabuso sine formidlarar 3 sundagar i utstillingsperioden: Sundag 22.
Om arr.
Bli med på omvising!
Det vert høve til å gå djupare inn i utstillinga Visuelle nabolag saman med ein av Kabuso sine formidlarar 3 sundagar i utstillingsperioden:
- Sundag 22. november kl. 13
- Sundag 6. desember kl. 13
- Sundag 3. januar kl. 13
Visuelle nabolag er ei vandreutstilling frå Nasjonalmuseet kor museet ser på si eiga samling med eit skråblikk og syner uventa fellestrekk mellom kunst, design og arkitektur. Verk av mellom andre Per Kleiva og Andy Warhol.
Nasjonalmuseet si samling inneheld vidt ulike disiplinar som skulptur, arkitekturskisser, møblar, video, kunsthandverk, foto, grafisk formgjeving, maleri, tekstil og industridesign.
Men kva skjer når ein set slike ulike kunstnarlege uttrykk og media opp mot kvarandre i ei og same utstilling?
Visuelle nabolag utfordrar publikum til å utforska uventa møtepunkt mellom kunst, design og arkitektur som fordrar til nye kunsthistorier. Gjennom ufrivillige likskapstrekk mellom ulike media eller tematiske kontrastar søkjer utstillinga å visa korleis kunsten frå ulike epokar kan spegla museet si historie og samfunnet me lever i i dag.
Bill: Omvisinga er inkludert i inngangsbilletten. Gratis for deg som er KabusoVen. Oppmøte i resepsjonen.
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis