Helgekurs: hardangersaum
Om arr.
Sy hardangersaum til forkle, skjorte eller duk Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag inviterer til helgekurs i hardangersaum hausten 2025 med Agnete Sivertsen som kurslærar. Kurset vert fredag 26. – sundag 28.
Om arr.
Sy hardangersaum til forkle, skjorte eller duk
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag inviterer til helgekurs i hardangersaum hausten 2025 med Agnete Sivertsen som kurslærar. Kurset vert fredag 26. – sundag 28. september, kl 09.30 – 17 alle dagar. Kurset inkluderer både omvising i bunad og hardangersaumutstillinga vår, individuell rettleiing, samt lunsj og kaffimat i tre dagar.
Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som ein del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa for dette vakre broderiet spreidd seg til store delar av verda. På hardangersaumkurset får du læra dei grunnleggjande teknikkane, dei lure løysingane og dei lokale variantane. Etter ein god introduksjon vel du sjølv om du vil starta på skjortesaum til bunad, forklebord, eller kanskje ein duk eller ein løpar. Kurset passar godt både for dei heilt ferske og dei meir erfarne.
NB! I 2025 vert det ikkje eit eige kurs i svartsaum, men det er mogleg å melda seg på hardangersaumkurset og få sy svartsaum i staden. Berre gje ein lyd om dette ved påmelding.
Tidspunkt og påmelding
Kurset går fredag 26. – sundag 28. september på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17 kvar dag.
Påmelding innan 10. september 2025 til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884
Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.
Prisar
4400,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.
4900,- pr kurs for ikkje-medlemmar
Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar.
Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.
Overnatting
Museet har rabattavtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får rabatt på overnatting i hotellet sitt kunst-anneks. For å tinga overnatting, ta direkte kontakt med hotellet på reception@utnehotel.no og skriv at du skal på kurs. Sjå også utnehotel.no
Det er og råd å finna overnatting gjennom t.d. Airbnb.
For spørsmål og meir informasjon, ta gjerne kontakt med kurslærar Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no
Andre kurs finn du her
Tid
26 (Fredag) 09:30 - 28 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)
Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum