– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ølkjenger!

sun23aug16:00Ølkjenger!Føredrag om ølkjenger16:00(GMT+00:00)

Om arr.

Velkomen til eit spanande føredrag om, og syning av, ølkjenger!

Tidlegare i år gav Sverre Strandens ut ei praktbok om ølkjenger. Det omfattande verket «Snus i snogen, tromf i bogen» presenterar kring 500 kjenger frå perioden 1600-1900, hovudsakleg frå Hordaland og Sogn. Kjengene kjem frå både private og offentlege samlingar,

Strandenes kjem til Agatunet for å fortelja om kjenger og deira plass i kulturhistoria. Ølkjenger reprenterar saman med ølet både sosiale og seremonielle rollar, og Strandenes synar korleis dei reflekterar både folketro og levemåte i perioden. Me får møte kjenga i mellom anna bondekulturen, folkekunsten og drikkekulturen. Standenes tar og med seg eit utval foto og kjenger.

Om nokon har kjenger heime – ta dei gjerne med!

Me held arrangementet i Asbjørnsløa, så me har plass til å halde avstand. Vert det dårleg og surt vêr, kle deg etter det – løa er trekkfull.

Kaféen er ope frå klokken 13-16, og me har sjølvsagt den flotte boka for sal. Billettpris: 110,-.

Velkomen til ein lærerik og spanande stund!

Tid

(Sundag) 16:00(GMT+00:00)

Hending på Facebook

>>> Meld di interesse her