– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Me har ope!

lau11maisun01sepMe har ope!Velkomen til sesongen 2024!(mai 11) 11:00 - (sept. 1) 17:00(GMT+00:00)

Om arr.

Laurdag 11. mai opnar me dørane for 2024-sesongen!

Meir info om opningsprogrammet kjem: det vert opning av årets kunstutilling med Anne Hesvik og Bas Vlam, taler, musikk og stas!

Fram til 16.juni har me ope laurdagar og sundagar frå 11-17.

Frå og med 17.juni til og med 1.september er me ope kvar dag fra 11-17.

Frå 2. september til 15.desember tek me og imot gjestar etter kapasitet, men vitjingar må avtalast på førehand!

Omvisingar går kvar heile time mellom 12 og 16, og kaféen er open i heile opningstida.

Me gler oss til å sjå deg for ein ny sesong i vakre Agatunet! Hugs at du kan kjøpa sesongkort – det gjev deg fri inngong så ofte du vil, gratis kaffi, og rabatt på arrangement som ikkje er inkludert i vanleg billett (og utanfor ordinær opningstid).

Tid

Mai 11 (Laurdag) 11:00 - Sept. 1 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)