– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Levande handverk

tys05sep10:00tys14:00Levande handverk10:00 - 14:00(GMT+00:00)

kvinner, born, strikking, svart kvitt bilete

Om arr.

Dei siste åra har Voss herad lagt eit haustseminar knytt til kulturarv til museet. I år er emnet Levande handverk.
Kvinnehandverket er tradisjonelt hatt lågare status enn mannshandverket. Kvinnehandverket er eit overskotsfenomen, noko som er triveleg og hyggjeleg å halda på med, som hobby, medan mannshandverket har vore løfta fram som særleg viktig å ta vare på og sikra.
Musea, institutta, nasjonale og regionale handverkssentra har oftast fokus på mannsdominerte fag. Men det er vel ikkje slik at det i kulturmiljøsamanheng har større verdi å kunna lafta ei stove enn å kunna felle skaut?
På dette seminaret sett me fokus på fylgjande problemstillingar:
• Kva er skilnaden på kvinnehandverk og mannshandverk i
kulturmiljøperspektiv?
• Korleis sikra kunnskapen og handverket?
• Korleis kan me sikra levekåra til både mannsdominerte handverk
og kvinnehandverka?
10:00 Musikalsk innslag
10:15 Velkomen ved kultursjef Trude Storheim
10:30 Eivind Falk om Norsk Håndverksinstitutt sitt virke
11:15 Kaffi
11:30 Agathe Askeland Lauvdal om Norges husflidslag
12:00 Lunsj
12:45 Solveig Jordal om Osterøy museum si
oppstadvevsatsing
13:30 Beinstrekk
13:45 Karen Rio Holstad om fileringsprosjektet til
Voss husflidslag
14:15 Ordskifte og oppsummering
Påmelding innan 1. september 2023 til anne.arneberg@voss.herad.no
For spørsmål ta kontakt med Anne Arneberg eller
Trude Storheim på trude.storheim@voss.herad.no

Tid

(Tysdag) 10:00 - 14:00(GMT+00:00)