– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kurs sjonaleister

lau23mar10:30lau17:30Kurs sjonaleisterStrikk dine eigne sjonaleister10:30 - 17:30(GMT+00:00)

Om arr.

Sjonaleistar er ankelsokkar som høyrer til draktskikken i Hardanger og på Voss. Dei vart nytta både av kvinner, menn og born. Kring ankelen har dei ein fleirfarga mønsterbord strikka i tveband, medan resten av sokken er kvit. No kan du koma på kurs å læra å strikke desse vakre sokkane.

Kurset vert laurdag 23. mars kl 10.30 – 17.30. Kurslærar er Kristi Nilsen.

Påmelding til /47479884 innan 10. mars

Pris: 1000 for medlemmer i Folgefonn/Norges husflidslag, 1250 for ikkjemedlemmar. Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj. I tillegg kjem eventuell materialpakke. Hvis du vil ha med eget garn kjem det informasjonsskriv til påmelde i forkant om kva som høver.

Me sel ei fullstendig strikkepakke for sjonaleister, med garn, lintråd, strikkepinner, strikkepinnehaldar, ullstoff, hekter og eit rikhaldig mønsterhedte, alt samla i eit fin bærenett – den finn du for sal her.

 

Tid

(Laurdag) 10:30 - 17:30(GMT+00:00)